Installer Flash Plugin for å se video.

Om FjellStreif

Rosendal FjellStreif er eit offisielt streifarrangement, arrangert for tiande året på rad. Fysisk aktivitet, lokal matkultur og opplevingar i bonden sitt landskap er berebjelkane i Streif-konseptet.

Rosendal FjellStreif strekkjer begrepet utover det heimlege kulturlandskapet, og opp i fjellet. I sommarhalvåret er beitebruk i vår eventyrlege fjellheim viktig som "næringsbank" for småfehaldet, så vel som rekreasjonskjelde for fastbuande og tilreisande.
I dette landskapet får du i år oppleva vakker song og varierte musikkinnslag. Du kan delta på storlagen fjelltur til Bjørndalstølen i Hattebergvassdraget. Under turen kjem du tett på Ringeriksfossen. Du får oppleva mektig utsyn frå fjellheim til fjord og hav.

Det heile toppar seg sundag 9. august. Då skal Norges mest komplette motbakkeløpar kårast i Rosendal. På startstreken står størsteparten av Norgeseliten, så vel som løparar frå verdenseliten. Hiv deg med du òg, gje deg sjølv ein "opptur".
Vi trur Rosendal NutenOpp blir ein skikkeleg folkefest.


TV 2 har varsla at dei kjem i år òg! Du kjem vel du og?

 

  • test2
  • test3
  • test4
  • test5
  • Ved brekanten