Installer Flash Plugin for å se video.

Folgefonna Nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark er juvelen blant alle dei norske nasjonalparkane, sa dåverande miljøvernminister Knut Arild Hareide, då han samen med dronning Sonja opna den 545,2 km2 store parken 14. mai 2005.

Dronning Sonja stod for den offisielle opninga då ho skreiv signaturen sin i gull på ein kampestein i nasjonalparken. Under seansen uttrykte ho ein spesiell kjærleik for området:

"Å være her på Folgefonna er som å komme hjem. Hvert år håper jeg å få minst én dag her," sa dronninga.

Folgefonna, norges tredje største isbre, er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Med fjordar, fjell, elvar, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei mest spetakulere reisemåla i Norge. Få stader kan ein som her, vandra på breen tidleg på dagen, og bada i sjøen om ettermiddagen. Naturvariasjonen er stor, det same er høvet for allsidige naturopplevingar.