Installer Flash Plugin for å se video.

9. august 2009 kl. 10:00

NutenOpp

Fjelløpet NutenOpp er eitt elite- og mosjonsløp for heile familien. I 2009 vil løpet verta arrangert som minneløp for Jon Tvedt som gjekk bort under tragiske omstende tidlegare i år.

Jon Tvedt var alt frå starten av ein trufast deltakar i NutenOpp, og vi meiner han fortener å verta heidra som den strålande idrettsmannen og personen han var.

Vi  inviterer deg herved til å vera med å kasta glans over Jon Tvedt sitt minne sundag 9. august. Ved å delta i og gjennomføra NutenOpp, fjelløpet vi veit Jon var så inderleg glad i, ynskjer vi å heidra Jon slik vi trur han sjølv ville ynskt det.

  • Jon Tvedt
  • Bratt NutenOpp
  • Utsikt frå Hjort
  • RosendalsAlpane sett frå Malmangernuten