Installer Flash Plugin for å se video.

6. august 2011 kl. 10:30

Motbakkeløpskurs med verdens beste

I høve årets Prøve-NM og det sjette NutenOpp i rekkja, inviterer verdens beste motbakkeløpar, Jonathan Wyatt - også i år - til løps og treningskurs.

Kurset er for både unge som gamle, for mosjonisten så vel som den aktive konkurranseløparen, seier mannen som forutan å inneha rekorden i NutenOpp (35,25 min, 10 august 2008), er blitt 6 gonger verdensmeister i motbakkeløping. Som har vunne 8 Grand Prix i motbakkeløping, og som elles har delteke i to olymiske, to samveldsleikar, forutan ni internasjonale friidrettsmeisterskap, deriblant tre verdensmeisterskap i terrengløp for heimlandet sitt New Zealand. På kurset har han òg med seg kona, den italienske skistjerna Antonella Confortola. For dei som er skiinteressert, kan det difor vera gode tips å henta her.

Elles kjem Jonathan Wyatt frå ein kultur der det å ha det moro og sosialt saman i og under treninga er veldig viktig. Han gler seg difor til kurset, og sprer gladeleg rundt seg med tips og råd. Og, sjølvsagt håpar han på mange spørsmål!

Pris kr 250.

  • Jonathan Wyatt
  • Jonathan Wyatt på veg mot endå eit verdensmeisterskap
  • Antonella og Jonathan Wyatt

Påmelding