Installer Flash Plugin for å se video.

Bedrift & gruppedeltaking

Nytt i jubileumsåret er at vi har opna for bedriftsdeltaking. Dette fordi stadig fleire bedrifter og grupper finn det interessant å nytta motbakkeløp som ei sosial samling og som lagbyggjing for ein travel arbeidskvardag.
Dette tykkjer vi i Rosendal NutenOpp er flott. At løpet kan bidra til å byggja samhald og inspirasjon mot eit felles bedriftsmål er strålande. At løpet i tillegg motiverar internt til helsefremjande aktivitetar, er ein svært positiv sideeffekt.

Vi oppfordrar difor lokale bedrifter til å utfordra kvarandre i ein seriøs, alvorleg, uformell og hyggjeleg konkurranse i motbakkane til Malmangernuten.

Påmelding
Gå til påmeldingsportalen

Vel "Konkurranseklasse" på menyen
Dersom dei tilsette skal melda seg på kvar for seg er det berre å fylla ut felta i skjemaet, men HUGS å skriv rett bedriftsnamn!  Deretter trykkjer du «neste» og går vidare til trinn 2 i påmeldinga. Her kan du eksempelvis endra fakturamottakar om arbeidsgivar skal ha denne direkte (hugs at faktura blir send til den registrerte epostadressa).

Om du er ansvarleg for å melda på fleire frå di bedrift, gjer du som i punktet over men vel trinn 2 i påmeldinga og knappen "Legg til fleire".
Dette kan du gjera så mange gonger du ynskjer heilt til du har fått med alle namna og vel "Fullfør påmelding" til slutt.
Husk å sørg for at faktura blir betalt innen fristen slik at dåke blir endeleg registrert og at de slepp purring.

Premiering
Premieringa er ein vandrepokal som blir vunnen av det laget som har den raskaste tida på fire løparar. Vandrepokalen blir vunnen til odel og eige når den er vunnen tre gonger.

Utanom dette blir laget som med størst entusiasme set fokus på folkehelsa kåra av ein eigen jury, og vinnaren blir tildelt entusiasmeprisen.

OVERSIKT OVER ÅRETS UTFORDRARAR (blir oppdatert):