Installer Flash Plugin for å se video.

Påmelding

Rosendal
NutenOpp - er Nordens vakraste fjelløp med ein snittstigning på 24,1 %.

OBS. Det går hurtigbåt "Hardangerfjord Expressen" frå Bergen til Rosendal og retur kvar dag. Rødne Fjord Cruise som opererar ruta, er ein solid og trugen sponsor av Rosendal FjellStreif og tilbyr student-prisar til alle som skal på arrangement vårt. Pris kr. 214.- ein veg. Tur/returbillett kr. 418. (nb. Du må visa fram påmeldingsbevis for å få rabatt).
Båt går frå Rosendal kl. 16.35 til til Os kl. 17.23, og til Bergen kl. 18.25 sundagskvelden!  Sjå elles rutetider her; www.rodne.no
NB.
Buss til Bergen går frå Rosendal kl. 18.45 via Årsnes ferjelei. Ankomst Bergen kl. 21.45.

LØYPEfakta: 3700 meter frå Rosendal stadion til toppen av Malmangernuten med 890 høgdemeter knalltøff stigning
NB. Alle må ha sekk på ryggen som veg minimum 2,5 kg og som inneheld varme klede, mat og drikke. Sekkeveging for alle før start. Ved kontroll etter målpassering og vekt under 2,5, men over 2,0 kg - blir 5-fem minuttar lagt til i tid. Vekt under 2,0 kg = DISK!!!
Stavar er ikkje tillete i konkurranseklassen.

NB. Rosendal NutenOpp er ein konkurranse, open for alle, uavhengig av klubbtilknyting eller nasjonalitet. Du kan melda deg på her!


START FOR tur/mosjonsklassen kl 09.00 - 11.00
Start alle klasser KVINNER & MENN - start  kl 12.00

Klasseinndeling Rosendal NutenOpp; 12 år, 13 - 14 år, 15-17 år, under 20 år, under 23 år, senior (23-39 år), senior (over 40 år), senior (over 50 år), veteran (over 60 år) kvinner / menn.

Siste målregistrering "på toppen" kl 13.30
NB. Kun tidtaking på dei som startar i konkurranseklassen.

STARTKONTIGENTAR:
Tur/mosjonsklassen:
Kr. 150.-
Familie:
Kr. 250.- (maks. 4 personar)
Konkurranseklassen
(under 23 år): Kr. 200.- (må fylla 12 år løpsåret)
Konkurranseklassen (over 23 år): Kr.250.-

+ LISENS:
Rosendal FjellStreif & Rosendal NutenOpp med Omvikdalen IL som teknisk arrangør er underlagt reglane frå NFIF vedrørande lisens for 2014. I tillegg til startkontigent kjem NFIF lisens på kr. 30.- pr enkeltstart for løparar f.o.m 13 år (om ynskjeleg òg kan òg teikna årslisens) .

Spørsmål angående lisesordningen kan rettes til lisens@friidrett.no.

NB. Alle som deltek får T-skjorte.

NORMAL PÅMELDING - frist konkurranseklassen: Lørdag 8. august!
Påmelding her

ETTERPÅMELDING (online):
1) Siste påmeldingsdato søndag 9
. august
(mot ekstra påmeldingsavgift kr. 50.- per person)

2) Etterpåmelding kan òg skje online i sekretariatet!

Påmeldingsfrist tur&mosjonsklassen: Fram til start.
NB. Ikkje etterpåmeldingsavgift for tur/mosjonsklassen!

RFS (Rosendal FjellStreif), Omvikdalen Idrettslag (teknisk arrangør) ynskjer velkomen og håpar å sjå deg 9. august til ein triveleg tur i noko av det vakraste RosendalsFjella har å by på.

For nærare info:
Jostein Hatteberg, tel 53 48 15 90 / 489 94 213
ePost: Rosendal FjellStreif

  • NutenOpp - trase
  • Høgdeprofil Nuten